Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Tur til Olav Duun-huset i Holmestrand

13 deltakarar frå mållaga i Østfold. Det var ikkje noe ulykkestal når det gjaldt vêret.

På ein solrik og strålande dag la fleire bilar ut frå Fredrikstad til Moss - Horten og Holmestrand. Etter litt vingling med "innvikla" vegar kom vi til målet: Olav Duun -huset og Duun - parken på Rambergfjellet (tidlegare i Botne). Ragnhild Vestby tok godt imot oss og fortalte på ein levande måte om Emma og Olav Duun og dottera Dagmar. Dei budde i huset frå 1914.

Huset ligg fritt og fint til på fjellet med eit storfelt utsyn over Oslofjorden. Her fekk diktaren ein smak av sjø mens han skreiv om folk og hendingar ved Folla i Namdalen. Olav Duun - huset vart overtatt av Olav og Emma Duuns stiftelse i 1973, og Duun - parken utanom huset vart opna i 1976. Kvart år er det Duun - stemne på staden.

Olav Duun levde her til 1939, og kona Emma døydde i 1971. I huset bur det kvart år ein stipendiat som arbeider med forsking på eitt eller anna område av livet og diktinga til Duun. Stipendiaten i fjor var Sivert Fløttum som snart kjem med ein biografi om Duun. I år vil stipendiaten lage bilde - og foredragserie om bilete(litografiar) frå forfattarverka. Elles kjem det skoleklassar og andre på besøk til huset. Duun - klubben i Holmestrand arrangerer kulturkveldar i Holmestrand og på Ramberg. I Duun - parken er det steinar med sitat frå Olav Duun, og det er ei samling av 50 steinar frå Namdalen. Huset er etter kvart sett i god stand slik at det går an å bu der om sommaren. Duun - folka hadde ikkje mye omgang med folk, men Jonas Lie, Arnulf Øverland og Max Tau var her som gjester. Olav Duun las mye tysk litteratur, og han fekk bøker frå Sigrid Undset og andre. Desse bøkene står i biblioteket saman med manuskript, brev og Duuns eigne bøker.

Ragnhild Vestby fekk stor takk for omvisinga. Etter eit godt måltid kunne vi dra heim med gode minne om dagen. Asbjørn Foss/referent

Oslofjorden. Frå stua.
I hagen er det steinar med kjende Duun-sitat. Vi hadde ein god guide.
Eit fantastisk utsyn frå andre høgda i Olav Duuns hus.