Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Asbjørn Foss har gått bort

Slik var vi vane med å sjå han Asbjørn på styremøta våre - her med John Heien og Marit Aasbrenn til venstre.

Asbjørn Foss

Asbjørn Foss gjekk bort laurdag 21. september, 73 år gammal. For oss i Østfold Mållag er det dermed ein støttepilar som er vekk, og det er med stor sorg vi no vil vise vår medkjensle med familien i denne tunge stunda. Kreftsjukdommen blei for sterk, sjølv om Asbjørn hadde fortent så mange fleire gode år, og vi kunne trunge å ha han her.

Han var ein svært aktiv pensjonist, med mange kulturelle interesser som han heldt levande. I heimen sin i Rolvsøy hadde han ei stor samling av Biblar på mange ulike språk, og dette viser to av interessefelta hans tydeleg. Han hadde ei fast kristentru, og han slutta aldri å la seg fascinere av språkmangfaldet i verda. Skulle du ut på reise til eit av dei små språksamfunna i Europa, som bretonsk eller eit anna gammalt, keltisk språk, måtte du passe på å ta med deg ei bok på det språket heim til Asbjørn.

Sjølv om han var trønder, brukte han det meste av arbeidsinnsatsen som lærar i Østfold. Bakgrunnen og interessene hans trekte han naturleg med inn i det oppvaknande målarbeidet i Østfold frå 1989. Ein periode var han nestleiar i Østfold Mållag, men den store innsatsen gjorde han som sekretær og arkivar for rørsla. Når historia om det ny-oppvakna laget skulle skrivast, var det naturleg at Asbjørn førte ho i pennen. Boka "Fram for målet!" blei gitt ut til 10-års-jubileet i 1999.

I denne perioden delte Asbjørn også med seg frå dei mange kulturinteressene sine, særleg innanfor det litterære feltet. Olav Duun låg hjartet hans nær, og nå i sorga er det godt å tenke på at Fredrikstad Mållag fekk til ein medlemstur til Olav Duuns hus i Holmestrand på forsommaren i år. Det var ein strålande dag med høg, blå himmel, og som alltid gjorde Asbjørn notat over det guiden hadde å fortelje og supplerte ho med kunnskapane han hadde sjølv.

Asbjørn var engasjert på så mange felt i samfunnet, for den samla innsatsen fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv i oktober i fjor. Samtidig var få mindre opptatt av ytre heider, materielle ting og anna fjas enn det Asbjørn var. Han var opptatt av innhaldet i dei ulike kulturelle ytringane og kva dei kunne fortelje om menneskja.

Like før han døydde snakka eg med han om reisene han hadde gjort, ikkje minst turane i alle dei ulike statane i USA han rakk å besøke. "Du treffer alltid på så hyggelege folk, same kvar du reiser i verda," sa han da. "Og på alle reiser skal det skje minst ei overrasking kvar dag."

Han hadde ei global innstilling, men det han ønskte seg der til sjukesenga, var ei fersk utgåve av Adresseavisa.

Det er tungt å innsjå no at vi i vennekrinsen aldri får fleire av Asbjørns lune kommentarar, gode referat og karakteristiske postkort. Som støttespelar i arbeidet for å få østfoldingane til å ha eit rakrygga forhold til sitt lokale språk og eigen kultur var han umisteleg.

Asbjørn Foss vil bli djupt sakna.

 

Magne Aasbrenn

(Leiar i Østfold Mållag)