Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Glimt frå mållagsarrangement i Østfold hausten/vinteren 2002

Her er nokre bilete frå diverse mållagsarrangement i Østfold hausten/vinteren 2002:

Torsdag 31. oktober heldt landskapsarkitekt Lars Ole Klavestad eit foredrag om lokale stadnamn på eit arrangement Fredrikstad Mållag stod for på Hauges Minde på Rolvsøy. Foredraget var illustrert med flotte lysbilete. På det nedste fotografiet ser vi at leiaren i Fredrikstad Mållag, John Heien, takkar Klavestad for innsatsen.

Tysdag 12. november heldt fylkesarkeolog Gro Anita Baardseth eit foredrag om arkeologi i Matstova i Sarpsborg. Møtet var eit fellesarrangement for Østfold og Sarpsborg Mållag. 12 tilskodarar var til stades.

I samband med utdelinga av Østfoldmålprisen til skodespelaren Kalle Øby på Hotell Victoria i Fredrikstad 10. desember heldt Østfold Mållag julebord. Her ser vi den festkledde forsamlinga etter at dei har note ymse slag julemat.