Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Østfoldmålprisen til Kalle Øby

Under ei tilstelling 10. desember blei Østfoldmålprisen for 2002 delt ut til skodespelaren Kalle Øby. Her er talen som blei halden ved utdelinga:

Nå i vekene før jul er det ingen mangel på prisar som blir delt ut rundt omkring i verda. Nobelprisane er eit eksempel på dei som er mest kjente og ærerike.

Når vi er samla her i kveld er det for å dele ut ein pris som ikkje er blant dei største reint økonomisk, men som like fullt krev at mottakaren har lagt ned eit stort arbeid og har vist mot.

Sidan 1996 har Østfold Mållag delt ut Østfoldmålprisen med nokre år innimellom da ein ikkje har funne nokon verdig mottakar til prisen. Det er styret i laget som vel ut prisvinnaren, og prisvinnaren får eit kunstverk som viser kor stort vi set pris på arbeidet han eller ho har gjort for å fremje statusen for dialektane i Østfold.

Filosofien vår er kort og godt den at vi vil at Østfoldmålet skal få same prestisje og status som dialektane i dei andre store, norske regionane har fått etter kvart. I film, media og på talarstolen på Stortinget kan ein etter kvart bruke Stavangermål, Bergensmål, Hedmarksmål, trøndermål eller nordnorsk mål – men viss ein brukar østfoldmål er det framleis slik at det fører til ein liten flir hos mange. Østfoldingen har faktisk ikkje ennå eit fritt val til å bruke dialekten sin på landsbasis utan å risikere å bli ledd av på grunn av språkformene han eller ho vel.

Utdelinga av Østfoldmålprisen opp gjennom åra har vore vårt forsøk på å få snudd på detta. Prisen har tidligare gått til professor Einar Lundeby og dialektsamlar Kristian Strømshaug for det arbeidet dei blant anna har gjort for å berge utdøande former og ord for ettertida. Prisen har også gått til Per Thorvald Larsen og Øyvind Bremer Karlsen for arbeidet dei har gjort for å få knytt målarbeidet i Østfold til den rørsla som har æra for at norsk i dag ikkje er eit overklassespråk, men eit språk for alle – nemlig målrørsla. Så har vi også gitt prisen til NRK-medarbeidar Hans-Jørgen Olsen for at han bramfritt har sloppe Østfoldmålet fram i den stadig veksande statsmakta som media er.

Prisen i år føler eg er i tradisjonen til den siste prisvinnaren eg nemnde. Det er ein pris som går til ein skodespelar som bramfritt har sett på som sjølvsagt at Østfolddialekten er like god som nokon annan dialekt på scene og film, og som har vist mot til å la denna oppfatninga få utløp i praksis. Ved dette har han gitt eit godt bidrag til at østfoldmålet får den prestisjen som det fortener også på nasjonalt plan i Norge. Den fortente mottakaren av Østfoldmålprisen 2002 er skodespelaren Kalle Øby.

Kalle Øby er født i 1946 og er ikkje nokon grønsak som har gått rett frå det offentlige skoleverket og over i ein skodespelarkarriere. Etter det eg har funne ut, så har han vore både sjømann, sjåfør, kokk og sveiser. Spelefilmdebuten hans var i filmen Rallarblod etter nynorskforfattaren Kristoffer Uppdals bøker. Sidan har han vore med i filmar som Blackout, Hard Asfalt, Nattseilere og Frida – med hjertet i hånden. Han har og kommi inn i stuene til folk i forskjellige TV-seriar, blant dei Fortuna og I De Beste Familier.

Klar Østfold-identitet i karakterteikninga har han vist i dei to siste TV-seriane han har vore med på – den lange serien Offshore og krim-serien Fox-Grønland, der han var Trond Olsen med oppvekst på Hvaler.

I tillegg til å spele skodespel på scene, Tv og film er kalle Øby ein habil songar, noko han viser på plata Melodier fra Fredrikstad. I det heile så verkar det som om det heilt lokale engasjementet hans har blitt sterkare i den seinare tida, med deltaking i Arne Svendsen-revy og stykket "Sykkeltyvene" for Østfold teaterverksted. den lokale tilknytinga blir sikkert ikkje svekka av at han for tida bur i Nabbetorpveien.

Det fremste resultatet – hittil - av dette engasjementet for Østfoldmålet, er at han stod for ei omsetjing og ei oppsetting av Holbergs Jeppe på Berget i Teglhuset i Gamlebyen i sommar. Styret i Fredrikstad Mållag, som nominerte han for årets østfoldmålpris, la vekt på akkurat denne førestillinga i nominasjonen.

Årets mottakar av Østfoldmålprisen får prisen fordi han har gjort ein stor innsats for at Østfold-dialekten skal få respekt på landsplan.

Kalle – nå vil eg gjerne at du kjem opp hit og tar imot!

 

(Magne Aasbrenn,

leiar i Østfold Mållag)