Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Referat av fylkesårsmøtet 2003

Deltakarar på fylkesårsmøtet: F.v. Tormod Ropeid, Borgny Elena Bjørneskaret, Ragnhild lier, Magne Aasbrenn, Karin Kirkeby, Øyvind Bremer Karlsen, Marit Aasbrenn, John Heien. Foto: Arne Hovden.

Møtet vart halde 13. februar kl 19, Velhuset, Bjørndalen, Fredrikstad

1. Leiar Magne Aasbrenn opna.

2. Godkjenning av utsendingane.

Indre Østfold: Karin Kirkeby, Øyvind B. Karlsen

Fredrikstad: John Heien, Benthe Kolberg Jansson, Marit Øgard Aasbrenn

3. Godkjenning av innkallinga. Samrøystes godkjent.

4. Framlegg til saksliste vart godkjent.

5. Val av møteleiar. Magne Aasbrenn vart vald.

6. Val av referent. Tormod Ropeid vart vald.

7. Underskriving av møtebok.

John Heien og Borgny Elena Bjørneskaret vart valde til å underskrive møteboka.

8. Årsmelding

Årsmeldinga godkjend utan merknader.

9. Rekneskap

Rekneskapen vart godkjend utan merknader.

10. Val av fylkesleiar for 1 år

Magne Aasbrenn vart vald.

11. To fylkesstyremedlemmer for 2 år.

Øyvind Bremer Karlsen og Tormod Ropeid valde.

12. Val av fire varafolk for 1 år.

Arnstein Hjelde, Eldbjørg Skaug, Ragnhild Løken og Marie Våtevik vart valde.

13. Val av revisor for 1 år

Benthe Kolberg Jansson vart vald.

14. Val av vararevisor for 1 år

Per Thorvald Larsen vart vald.

15. Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

Ragnhild Lier og Borgny Elena Bjørneskaret.

16. Val av varautsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag:

Resten av styremedlemmene med varafolk, unntatt Eldbjørg Skaug, i alfabetisk rekkefølge.

17. Val av medlemmer i valnemnda.

Benthe Kolberg Jansson, Lisen Dahlstrøm, Odd Jan Skriubakken vart attvalde.

 

Referat skrive av Tormod Ropeid


 

Årsmelding for Østfold Mållag 2002:

Etter årsmøtet på Matstova 10. februar 2001 var desse valt inn i styret for laget:

Leiar: Magne Aasbrenn (2001-2002)

Fylkesstyremedlemmer (2001-2004): Ragnhild Lier, Arne Hovden

Fylkesstyremedlemmer (2000-2003): Jan Andrew Nilsen, Tormod Ropeid

Magne Aasbrenn og Eldbjørg Skaug blei valde til landsmøtedelegatar til landsmøtet i Noregs Mållag.

Styremøte:

Styret i laget har hatt møte 11. mars, 10. oktober og 31. oktober. Ein av styremedlemmene, Jan Andrew Nilsen, har ikkje møtt på noko styremøte på grunn av flytting til Gudbrandsdalen.

Arrangement:

I samarbeid med Sarpsborg Mållag arrangerte Østfold Mållag kulturkveld i Matstova i Sarpsborg 12. november. 12 frammmøtte hørte fylkesarkeolog Gro Anita Baardseth kåsere om arkeologi.

Tysdag 10. desember arrangerte laget julebord på hotell Victoria i Fredrikstad.

Medlemsjukssaka:

På styremøtet 10. oktober vedtok styret ei fråsegn om avsløringane om medlemsjuks i Målungdommen, der vi bad om at Noregs Mållag gjorde alt som var råd for å hjelpe myndigheitene med å finne ut av skuldingane om medlemsjuks og tildeling av pengar til Norsk Målungdom.

Noregs Mållag

Eldbjørg Skaug har rykka opp til fast deltakar i styremøta i Noregs Mållag etter at Vidar Lund tok ut permisjon pga. medlemsjukssaka.

Østfoldmålprisen.

Den 10. desember blei østfoldmålprisen for 2002 delt ut til skodespelaren Kalle Øby. Han fekk prisen bl.a. fordi han ved innsatsen sin i riksmedia og på lokalplan har vist at Østfolddialekten er like god som nokon annan dialekt på scene og film.

Landsrådsmøte

Leiar Magne Aasbrenn har deltatt på 1 landsrådsmøte i Noregs Mållag, 11.-12. januar 2003.

Asbjørn Foss

Asbjørn, som hadde mange viktige verv som skrivar og arkivar og historikar for Østfold Mållag, gjekk bort 21. september. Han blei minna med nekrolog i Fredriksstad Blad av leiaren av laget og tale i kyrkja av John Heien, leiar for Fredrikstad Mållag