Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Eit møte med kunst og Østfold-kultur

Det var regntungt søndag 25. mai, men det hindra ikkje Fredrikstad Mållags tur til Odd Skulleruds tun. Her er deltakarane samla mellom furuleggar og tradisjonsrike Østfold-hus.

Den siste søndagen i mai i år inviterte Fredrikstad Mållag til sommartur i Onsøy.

Vêret var ikkje veldig sommarleg, men likevel blei det ein kortesje på fire bilar frå Fredrikstad og ut til Kallerød i Onsøy, der målaren og grafikaren Odd Skullerud har atelieret og bustaden sin.

Med stor gjestfridom tok Skullerud imot oss og viste oss først rundt på tunet han har bygd opp av gamle bygningar han har fått flytta frå eit usikkert tilvære på gardar i Østfold.

I ein av dei hadde han rigga til ei heil lita utstilling av måleri med dei karakteristiske motiva han arbeider med for tida: fargane i den østfoldske ettervinteren, prega av våt snø og brun- og okerfarga jord.

På det vakre tunet mellom bygningane dufta det av fruktblomstrar som lyste kvitt i kontrast med dei brune, lafta tømmerbygga.

Skullerud fortalde at han syntest det er viktig at kunsten hans ber preg av at dette var laga ein bestemt stad og at det han gjer har lokal tilknyting.

Han fortalde oss at han har vore veldig opptatt av Tarjei Vesaas og korleis han greidde å lage allmenngyldig kunst med utgangspunkt i det som skjedde i heimbygda. Vi fekk sjå ei Vesaas-byste i stova til Skullerud, og i katalogen hans er Vesaas-diktet "Snø og granskog" illustrert med eit vintermotiv.

I måleria er det tydeleg at Skullerud går inn for ei stadeigen og "fastbuande" landskapstolking. Her er det ikkje ein turist som ser, men ein som har kvardagen sin i desse landskapa. Vinterskog med "dårleg skiføre", svaberg både ved sjøen og inne i landet, og langgrunne viker – dette er kjende sider ved Østfold-landskapet som han har måla.