Fredrikstad Mållag feira 10-års jubileum

Slik såg det ut da Fredrikstad Mållag feira 10- års jubileet sitt på Phønix 22. oktober

Under eit større arrangement onsdag 22. oktober feira Fredrikstad Mållag 10 år. Det var 25 personar rundt bordet i Phønix selskapslokale.

Styret i laget hadde gjort eit stort arbeid med å førebu selskapet. Mange av deltakarane kunne bidra med både dikt og prosa, og ein fekk ein gjennomgang av den imponerande aktiviteten til laget i desse ti åra.

Leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, var med på festen og kunne fortelje at målrørsla i Østfold nå faktisk var blitt eit referansepunkt i målrørsla generelt. Ein har byrja rekne med at det blir gjort  målarbeid i fylket vårt.

Under arrangementet blei Østfoldmålprisen 2003 delt ut til Vivi Haug (sjå eiga sak).

Vi takkar Fredrikstad Mållag for arrangementet!

Endre Brunstad og John Heien i ein passiar under middagen.