Østfoldmålprisen 2003 til Vivi Haug

Vivi Haug blir gratulert med Østfoldmålprisen av leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn

Etter reglane går Østfoldmålprisen, som er i form av et bilde av Fredrikstad-kunstnaren Egil Thorin Næsheim, til ein person som har gjort ein innsats utanom det vanlege for å auke prestisjen til dialekten i Østfold. Tidlegare mottakarar er bl.a. professor Einar Lundeby, dialektsamlar Kristian Strømshaug, programleiar Hans Jørgen Olsen og skodespelar Kalle Øby.

Meininga med denne prisen har heile tida vore å bidra til å få bort paria-stempelet på dialekten i Østfold. Vi har ønskt å feie bort den oppfatninga at dialekten i Østfold er mindre verd enn dialektane andre stader i landet. Det har vore eit spørsmål om å gjere Østfold til ein landsdel med ein akseptert landsdelsdialekt – sånn dei f.eks. har det på Sørlandet og sånn dei har det i Trøndelag.

Prisvinnaren for 2003 har markert dialekten både for lokalbefolkninga, tilreisande og på nasjonalt plan, ho har brukt språktonen ho lærte seg i barndommen til å skape ei rekke ugløymelege figurar på scenen - og det ho har gjort har vært prega av stor lokalkunnskap og lun og godhjerta humor.

Det siste stykket vi såg ho i, var jubileumsrevyen til FFK, og det gjer at vi trur at ho har det som oss nå når laget endeleg kan rykke opp i eliteserien og FFK-supporterane ikkje ropar (riksmål:)"Kom igjen, gutter!, men GUTTANE! GUTTANE! GUTTANE!.

Vivi Haug er mottakaren av Østfoldmålprisen 2003!

Det er styret i Fredrikstad Mållag som har innstilt til prisen, og styret i Østfold Mållag har gitt si støtte.

Prisen var ein akvarell av Egil Thorin Næsheim som symboliserte både  Vivi og Fredrikstad-målet. Leiar John Heien i Fredrikstad Mållag gratulerer.