Østfold Mållag engasjert i plasseringa av Hovden-portrett i Ørsta Kyrkje

Østfold Mållag, som har nær tilknyting til fondet som er oppretta etter salmediktaren og presten Anders Hovden, reagerer nå skarpt på at eit portrettmåleri av Hovden er flytta i kjellaren i Ørsta Kyrkje.

Østfold Mållag stod for programmet da måleriet vart avduka - i kyrkjerommet. Etter avdukinga er målarstykket nå flytta ned i kjellaren i kyrkja. Østfold Mållag har kalla dette ein skandale, og i følgje Sunnmørsposten har saka tatt ei ny vending etter denne protesten.

Det er fylkesmann Alv Jakob Fostervoll og biskop Odd Bondevik som har bestemt at Hovden skal ut att av kyrkjerommet. Dei viser til bispemøtet i 1931 som vedtok at presteportertt ikkje burde plasserast i koret eller skipet i kyrkjene.

- Slik vi ser det, seier Per Thorvald Larsen i Østfold Mållag, - er det heilt andre grunnar enn regelverket frå 1931 som ligg til grunn. Anders Hovden var ein liberal teolog som tok seg eit glas vin og ein dans på verandaen. Han var folkeleg på alle måtar . og det er nok hans liberale livssyn som gjør at han er kasta ut frå Ørsta-kyrkja.