Referat av årsmøtet 2004

Årsmøte Østfold Mållag 12.02.2004 i Velhuset, Bjørndalen

Årsmøte i Østfold Mållag torsdag 12.12.2004, på Vel-huset i Bjørndalen, Fredrikstad

Til stades som delegatar:

Indre Østfold Mållag: Eldbjørg Skaug

Sarpsborg Mållag: Ragnhild Løken og Borgny Elena Bjørneskaret

Fredrikstad Mållag: John Heien, Per Thorvald Larsen, Arne Kvernhusvik, Marit Aasbrenn

Frå styret: Magne Aasbrenn, Ragnhild Lier, Øyvind Bremer Karlsen

Til stades elles: Ingar Arnøy, utsending frå Noregs Mållag

Marie Våtevik, Fredrikstad Mållag

1. Leiaren, Magne Aasbrenn, opna og ynskte velkome

2. Utsendingane vart godkjende

3. Innkallinga vart godkjend

4. Sakslista godkjend

5. Eldbjørg Skaug var vald til møteleiar

6. Ragnhild Lier vart vald til skrivar

7. Underskrivarar av møteboka: Marie Våtevik og John heien

8. Årsmeldinga vart utsett til seinare i møtet.

9. Kasseraren, Magne Aasbrennm gjorde greie for den reviderte rekneskapen. Dei pengane som er refunderte frå Noregs Mållag tilhøyrer Indre Østfold Mållag (merknad frå møtet) Med denne merknaden vart rekneskapen godkjend.

10. Val av leiar: Magne Aasbrenn vald for 1 år

11. Fylkesstyremedlemmer for 2 år: Ragnhild Lier og marie Våtevik vart valde.

12. Valde varafolk: Alfred lie, Eldbjørg Skaug, Ragnhild Løken og Arnstein Hjelde.

13. Benthe Kolberg Jansson vart vald som revisor, 1 år.

14. Per Thorvald Larsen vart vald som vararevisor 1 år.

15. Ragnhild Lier vart vald til utsending til landsmøtet.

16. Varautsending til landsmøtet i prioritert rekkefølgje: 1. Benthe K. Jansson, 2. Øyvind Bremer Karlsen. 3. Tormod Ropeid, 4. Marie Våtevik, 5. John Heien, 6. Eldbjørg Skaug, 7. Alfred Lie, 8. Ragnhild Løken, 9. Arnstein Hjelde

8 Årsmeldinga [på e-post frå Tormod Ropeid] vart presentert ved Øyvind Bremer Karlsen. Ho vard godgjend med desse rettingane: Ragnhild lier og Arne Hovden har fungert i 2 år. Øyvind B karlsen og Tormod Ropeid har fungert i 1 år.

Møtet heva kl. 21.05

Før møtet orienterte Ingar Arnøy om arbeidet i Noregs Mållag. Han la spesielt vekt på arbeidet med å få skolar til å ta i bruk nynorske bøker for på den måten å styrkje nynorsken i grunnskolen – og gjerne også i vidaregåande skole. Arnøy minna også om at lokalt mål og lokal kultur må styrkast i barnehagearbeidet.

Ragnhild Lier

Referent

Frå styret i Sarpsborg Mållag: (f.v.) Borgny Elena Bjørneskaret, Ragnhild Lier, Ragnhild Løken.