Indre Østfold Mållag arrangerte vårtur til Høytorp fort

Jostein Flåøyen guida oss gjennom området på Høytorp.

Indre Østfold Mållag arrangerte ein vellykka tur til Høytorp Fort på Mysen søndag 2. mai. Eit brukbart antal interesserte i alle aldrar hadde møtt opp, og eldsjela Jostein Flåøyen vist oss rundt både utapå og inni fjellet.

Meininga er at dette skal bli ein skikkeleg turistattraksjon med utsyn over store område, med ein trufast rekonstruksjon av dette snart 100 år gamle anlegget.Her er nokre bilete frå turen: