Endeleg kjem også "Noreg" på Svinesund!

Statens vegvesen gjer framlegg om nytt grenseskilt for å markere inngangen til kongeriket betre. Ein har søkt om å få nytte riksvåpenet, og samstundes vil ein nytte begge dei offisielle namna på landet.

Endringa kjem som ei følgje av at Finland og Sverige har skilta om grensene som ein del av EUs yttergrense. Til nå har Noreg hatt ein enkel skilstandard. Målet er at skiltet skal på plass til opninga av den nye Svinesundbrua 10. juni neste år. (Kjelde: Smaalenenes Avis)

Slik skal det nye grenseskiltet sjå ut.