Tilbake til nyheitssida

Vellykka tur med "Kvinner på kartet"

Fredrikstad Mållag arrangerte tur med tema "Kvinner på kartet" tysdag 8. juni 2004. Vi var 9 interesserte som møtte opp ved Katti Anker Møller-statuen ved Fredrikstad bibliotek og bli med på ei lærerik og spennande vandring langs Vesterelva, over St. Hansfjellet, langs jernbanelinja, over Apenesfjellet, forbi St. Croix og opp til det nye rådhuset. Flink guide var Hild Haaheim.Vi fekk høyre om kjente og mindre kjente kvinner frå Fredrikstads historie, bl.a. gjorde vi ein stopp utanfor barndomsheimen til Berit Ås. Vi hadde kaffipause på graset utafor det tidlegare fråhaldslokalet Valhalla, med utsyn over heile Fredrikstad.