Tilbake til nyheitssida

Minneord om Kristian Strømshaug

Kristian Strømshaug gjekk bort i september 2004. Leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn, har skrive desse minneorda om han:

Kristian Strømshaug

Kristian Strømshaug, Råde, har gått bort, og det er eit stort tap for alle som er opptatt av å ta vare på kulturarven i Østfold.

Kristian var heile sitt liv knytt til garden Strømshaug som ligg med oversyn over sundet som ein gong skilde Onsøy frå fastlandet. Sjølv om ekspertar kunne diskutere spørsmålet, var han Kristian viss på at her hadde verkeleg vikingskip segla frå Krokstadfjorden og til Skinnerflo.

Agronomen og språk- og kulturminnegranskaren Strømshaug starta arbeidet sitt med å ta vare på lokal tradisjon og språk allereie på slutten av 1940-talet. Han kjørte rundt på moped og snakka med eldre folk i bygda for å samle inn stoff. På 1950-talet fekk han ein lydbandopptakar som han laga ei treramme til slik at apparatet kunne berast stødig i ryggsekken når han skulle ut og samle inn materialet sitt. Etter kvart kjørte han bil og fekk noko meir hendig opptaksutstyr, men metoden og respekten for den jamne mann og kvinne var den same. Kristian hadde med seg ei liste med 150 spørsmål som dreidde seg om språk, hus, gard, arbeid og folkeliv. På dette viset fekk han sikra kunnskap som var i ferd med å forsvinne frå det gamle bondesamfunnet. Typisk for han Kristian var at han ikkje brukte jålete ord som "intervjuobjekt" eller "respondent" om dei han møtte, nei, han kalla dei "fortellerær".

Han blei bedt om å ta inot ei stilling ved Borgarsyssel museum. Der arbeidde han i 17 år.

I tillegg var han med på å gi ut fleire bøker. Ei av dei, "Mål i Østfold", gitt ut av Avdeling for Målføregransking ved Universitetet i Oslo i 1995, er blitt eit standardverk på området. Arbeidet han gjorde med bygningsvern førte også til ei bok om lafting. Østfold Fylkes kulturpris fekk han alt i 1973, men han slutta ikkje å arbeide med det store prosjektet sitt for det. Han hadde ikkje hatt det betre enn da han blei pensjonist, fortalde han i eit godt intervju med Anders Ericson på internettbaserte Kulturnett Østfold som 80-åring.

Opptatt som han var av å halde på det gamle og ekte, meinte han òg at Ivar Aasens landsmål burde vere like brukandes for østfoldingar som for folk frå andre delar av landet. Han var med i det første styret i Østfold Mållag i 1989, og blei tildelt Østfoldmålprisen i 2000. Han var ikkje alltid glad når moderne målfolk tukla med språktradisjonen etter Ivar Aasen, men samtidig var han ein svært vennleg mann som gjerne ville hjelpe til med spørsmål om språk og dialekt.

Heile tida var han klar på at det han arbeidde med, gjorde han for at det skulle bli gitt vidare til nye generasjonar. Han besøkte skoleklassar, og med den store integriteten han hadde, gjorde han inntrykk på elevane. Han skreiv også ein del direkte på Råde-mål, og i dette materialet er det som om vi hører røysta hans Kristian: "Noo har jæ fått-me mæ i niste himænte, å viære er-e å ta-imott å lære der en får møte no ekta. Deherre er et frestænne på å gi viære te onge ætter noo tå de jæ sjøl er takksam fer å ha fått".

Kristian Strømshaug kunne bli sett på som veldig lokal og gammaldags – ein mann i utakt med si eiga tid. Samtidig kunne det plutseleg komme ei bestilling frå ein bokhandel i Amsterdam på ei bok av han, og unge, radikale språkforskarar på Blindern dyrka han og hadde han som førebilete. På ein klode som går meir og meir mot å bli ein McWorld hamburgarbar, var Kristian Strømshaug ein del av dei kreftene på alle kontinent som står imot utflatinga og veit at det å ta vare på eigen kultur er det same som å ta vare på ein del av verdsarven for alle menneske:

"Bruk måle dett, du sliter-et ente utt. Det vekser sæ stærkære med de. Ji-de viære te onge ætter. Det er vårt ansvar."

Dette var eit ansvar Kristian Strømshaug tok på alvor.