Tilbake til nyheitssida

Tidlegare mållagsleiar i Fredrikstad fram frå gløymsla

I sommar arrangerte Fredrikstad Mållag tur i spora til "Kvinner på kartet", eit tiltak som Fredrikstad kvinnesaksforeining har tatt initiativ til. Boka som handlar om det historiske grunnlaget for denne turen er nå ute, og her kan ein lese om ein av leiarane i det første mållaget i Fredrikstad: lærarinne Tora Larssen.

Tora Larssen var med i "Fredriksstad Frisinnede Kvinnesaksforening", som var ei foreining for radikale venstrefolk. I Kvinner på kartet kan ein lese at Tora Larssen var ei av to av leiarane i kvinnesaksforeiningen som også var aktive i mållaget Heimatt i Fredrikstad. Tora Larssen var formann i mållaget frå 1908-1910.

  Det skulle vore moro å høre kva ho ville ha sagt om Fredrikstad mållag - med rundt 50 medlemmer - i 2004!

Dersom du vil lese meir om "Kvinner på kartet", kan du klikke her!