Tilbake til nyheitssida

Oskar Stein Bjørlykke, Åslaug Haugan (leiar for skolebibliotekarforeininga) og John Heien i Fredrikstad Mållag slappar av etter møtet.

Seminar om nynorske barnebøker i Fredrikstad

Nynorskforfattaren Oskar Stein Bjørlykke var invitert til seminar om nynorsk barnelitteratur i Fredrikstad måndag 19. november. 22 personar trassa glatta og Østfold-vinteren og kom for å høre på han.

Møtet var eit felles-arrangement mellom Fredrikstad Mållag og Skolebibliotekarforeininga i Østfold, og meininga var å sette fokus på fordommen om at Austlands-barn ikkje kan lese nynorske bøker.

I innleiinga si la høgskolelektor Benthe Kolberg Jansson vekt på at dette med berre å lese bokmål er ein vane som barna får av dei vaksne, men som dei sjølv lett kjem over, om berre boka er fengande.

Fjorårsvinnaren av kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok, Oskar Stein Bjørlykke sette seg som mål å gi tilhørarane ei oversikt over dei ulike kategoriane av nynorsk barnelitteratur. Det var den klassiske litteraturen, dikt, biletbøker, realistiske bøker, eventyr, fagbøker og ungdomsbøker.

Han meinte at Einar Økland har vore viktig for den fornya interesse for nynorsk barnelitteratur, og elles trekte han fram Erna Oslands ungdomsbøker og Bjørn Sortlands freistingar på å skrive "fagbok som samtale med fiksjon"

Spesielt ville han anbefale bøkene til Rune Belsvik, og meinte at denne forfattaren var ein av dei få som skreiv i eventyrsjangeren nå. Ungdomsbøkene til Belsvik er også gode, meinte Oskar Stein Bjørlykke.

Ramma rundt dette arrangementet var den aller beste - dei ansvarlege for barnebiblioteket og Østfold fylkesbibliotek var til stades og hadde rigga til eit hyggeleg bord:

Sentrale personar i toppleiinga av Fredrikstad Mållag hadde baka sveler i tråd med juleopplevingar frå Voss i barndommen, og desse gjekk med attåt kaffien.

På veg inn stoppa vi ved skranken på biblioteket og spurde om stoda for utlånet av nynorske barnebøker ved Fredrikstad Bibliotek. Det viste seg at ein spesiell bokserie er spesielt populær, det er "skammar"-serien av Lene Kaaberbøl (omsett frå dansk). Dersom eit barn i Fredrikstad vil låne ei bok i denne serien, er det tre på venteliste og ikkje muleg å få låne boka før etter jul.

Oppløftande nytt ved Fredrikstad Bibliotek!

M.Aa