Tilbake til nyheitssida

Årsmøte i Fredrikstad og Østfold Mållag

Fredrikstad Mållag hadde årsmøte i Vel-huset i Bjørndalen 10. februar 2005. John Heien opna møtet med å lesa frå "Norske Ordtøke" av Ivar Aasen. Han ønskte dei frammøtte velkomne og orienterte kort om opplegget for møtet som vart halde samstundes med årsmøtet i Østfold Mållag. Den framlagde saklista vart godkjend utan merknad.

Årsmeldinga kunne fortelja at styret hadde fire møte i 2004. Sommarturen 2004 var ei byvandring i Fredrikstad sentrum leia av Hild Haaheim. Emnet for turen var "Kvinner på kartet", og løypa gjekk gjennom stader der kjende og mindre kjende kvinner i Fredrikstad har levt og virka. Haustmøtet vart halde på Fredrikstad Bibliotek saman med Skolebibliotekarforeningen i Østfold som markerte sitt 10 års jubileum. Forfattaren Oskar Stein Bjørlykke kåserte levande og interessant over emnet nynorsk barnelitteratur. Medlemsbladet "Fredrikstadmål" har kome ut med to nummer i 2004. Fredrikstad Mållag har hatt 47 betalande medlemmer dette året.

Før årsmøtet hadde John Heien sagt frå seg attval som leiar. Valnemnda hadde innstilt Benthe K. Jansson, som sa seg villig. Ho har att eit år som styremedlem i Fredrikstad Mållag, men det kom framlegg om å velja eit anna styremedlem i hennar stad for eit år. Det kom ingen andre framlegg til årsmøtet, og Benthe vart samrøystes vald.

Valnemnda hadde innstilt Marit Aasbrenn og John Heien som styremedlemmer i to år. Det kom ingen andre framlegg, og båe vart samrøystes valde. Som styremedlem for eit år var Mette Christin Søvik innstilt og ho vart samrøystes vald. Dei ulike verva i styret vil bli fordelte på neste styremøte.

Den nyvalde leiaren, Benthe Kolberg Jansson, takka dei frammøtte for eit godt årsmøte og ønskte velkomen til eit godt arbeidsår i Fredrikstad Mållag i 2005. Etter den formelle delen av møtet var det kaffi, kaker og samtale om ulike mållagsemne før årsmøtet i Østfold Mållag tok til.

Arne Kvernhusvik

(referent)