Klikk på kassetten
og hør ein smakebit
av det Gunhild Grimsby les frå Hobøl.

Nå er lydkassetten til "Østfoldmål" ferdig

Lydkassetten til "Østfoldmål" er resultat av eit samarbeid mellom NRK Østfold og Østfold Mållag. Kassetten er spelt inn for å dokumentere det "ekte" østfoldmålet til undervisningsbruk.

Tekstane er lesne inn som del av ein radioserie på grunnlag av "Østfoldmål" sommaren 1996 der Einar Lundeby kommenterte tekstane. Alle tekstane blei sende i radioserien. Opptaka blei gjort i NRKs studio i Fredrikstad i juni 1996. Østfold Mållag har i samarbeid med Einar Lundeby funne fram til opplesarane. Personane som les, er frå kommunen som teksten er frå.

Tekstane i boka er delvis skrivne ned på grunnlag av lydopptak. På grunn av kvaliteten på desse originale opptaka måtte tekstane bli lesne inn på nytt. Dersom det ikkje er samsvar med tekst og kassett, er det såleis teksten som representerer den riktige versjonen.

Tekstane blir presenterte av Einar Lundeby, som var til stades i studio under opptaka.

Originalkassetten er produsert av NRK Østfold som har gitt Østfold Mållag løyve til å gi ut kassetten. Østfold Mållag takkar NRK for godt samarbeid og velvilje.

Det har lenge vore eit sakn at det ikkje har vore å få tak i målføreprøver frå Østfold til skolebruk, og vi håpar at vi med denne kassetten kan vere til hjelp.

Her er eit oversyn over dei innlesne tekstane på kassetten:

1. Hobøl (Gunhild Grimsby)
2. Skiptvet (Bergljot Schie)
3. Spydeberg (Arne Torhaug)
4. Askim (Aud Hilde Hobøl Herland)
5. Rakkestad (Gudrun Myrås)
6. Råde (Sigrid Torp)
7. Tune (Ernst Gerhard)
8. Berg (Helge Skaug)
9. Idd (Øystein Karlsen)
10.Rødenes (Reidar Høgås)
11. Rømskog (Jørgen Dahl)
12. Fredrikstad (Øyvind Johannesen)