Tilbake til nyheitssida

 

Østfold mållag arrangerer skrivekonkurranse

I juni i år skal Noreg feire at landet har vore sjølvstendig i hundre år. Her i Østfold blir den nye Svinesundbrua opna 10. juni, og da kjem det også opp eit nytt grenseskilt som markerer at når du kjører inn i Østfold, så kjem du både til Norge og Noreg.

I samband med denne hendinga inviterer Østfold Mållag alle elevar i den vidaregåande skolen i Østfold til skrivekonkurranse, der det blir pengepremiar til dei beste bidraga. Dei beste innlegga vil også få plass i den planlagde årboka til Østfold Mållag i haust.

Oppgåve:

Ut over dette står du fritt i kva du skriv om, og kor langt du skriv. Men om du vil vite litt meir om kva Østfold Mållag ventar seg, kan vi nemne at vi har tenkt at du kanskje vil trekkje inn slike perspektiv som:

*Korleis vil du introdusere Noreg og Østfold for ein besøkande som kjem til landet for første gong? * Kva vil det seie å vere norsk i dag? * Kva for norske verdiar bør vi ta vare på?

* Lokalt – nasjonalt – globalt? * Kva utfordringar står Noreg overfor i tida framover? * Ut av unionen med Sverige – og inn i EU? * Korleis er ditt forhold til Sverige og svenskar i dag?

* Er nasjonalstatar avleggs? * Eller andre kreative vinklingar på temaet – gjerne i form av eit dikt eller ei novelle!

Jury: Lektor Ragnhild Lier, Greåker, forfattar Øyvind Bremer Karlsen, Askim, Litteraturstudent Synnøve Midtbø Myking, Oslo, nestleiar i Norsk målungdom

Premie: Kr 2.000,- for det beste bidraget, medan det nestbeste og det tredjebeste begge blir premierte med kr 1000,-.

 

Fristen for levering til konkurransen er gått ut - og det har komme inn ca 30 bidrag. Vinnarane vil bli publiserte før utgangen av mai månad.

Med vennleg helsing

Ragnhild Lier,

Koordinator for Østfold Mållags skrivekonkurranse

Adresse: Veslemyrvn. 11, 1715 Yven

Telefon: 69 14 53 76

E-post: lir@greaker.vgs.no

 

Østfold Mållag