Tilbake til nyheitssida

 Fint landsmøte i Tromsø

Østfold mållag stilte mannsterke på det årlege landsmøtet i helga 15-17 april med både Magne Aasbrenn og Øyvind Bremer Karlsen frå fylkesstyret og Eldbjørg Skaug frå Indre Østfold Mållag. Vi ville kjempe for å få vere eit eige fylkeslag, for det var framlegg om å leggje oss inn under Vikværingen i eit regionalt lag for Oslo, Akershus, Vestfold og Østfold.

Regionaliseringsframlegget var sak nr 1 på dagsordenen, og Magne var førstemann på talarstolen. Han gjorde inntrykk på møtelyden med klår, knapp og direkte melding om at vi i Østfold var såra av regionsutvalet si framstilling av oss som eit lite og inaktivt fylkeslag. Vi har 77 medlemmer, og eit nystarta ungdomslag er på beina. Dessutan har vi fått til vi skilt med Norge -Noreg på Svinesundbrua! - Etter mange og heite innlegg fall regionsutvalet sitt framlegg, og saka vart i røynda utsett. Vi var i same båten som Nordmøre, Naumdøla, Troms og Finnmark fylkeslag, og samanlikna med dei, var tonen frå Østfold mild, og vi har fått nye vener. Moro!

Elles bar møtet litt preg av at det er val til hausten, men både Hallgrim Berg frå Høgre og Arvid Langeland frå SV blei nedstemde i tur og orden. Mållaget skal vere upolitisk så langt råd er. Men Magne nådde fram i arbeidsprogramsaka med turar til nynorskland!

Landsmøtet var ei stor og god oppleving. Sametingspresidenten, Ole Henrik Magga, heldt landsmøtetalen. Stillfaren , klok og mangslungent fortalde han om korleis samisk og kvensk alltid har vore og framleis blir undertrykte i det offentlege rom. Eit kommunestyre der alle talar samisk, får ikkje gå føre seg på samisk, for norsk er administrasjonsspråk.

Hovudtanken hans var at eit språk aldri døyr av seg sjølv. Det han ikkje sa, men nok meinte, var at språk kan drepast. Mange storfolk har halde landsmøtetale, men ingen eg har høyrt, har gjort det så djupt og vakkert som Ole Henrik Magga. Han spreidde varme rundt seg.

Tromsø var og ein varm by, om gradestokken låg berre på 5-6 +. Dei fleste fekk kikke innom Rorbua, og make til matby med små kafear og god mat, særleg mat frå havet, finn du ikkje sørpå. Byen har halde på det gamle miljøet, men det er tungt blanda med stygge og rare industri-og kontorbygg, men dei pussar opp og er i gang. Ein aktiv by, der folk gjekk tur i hovudgata med barnevogner og trefte kjende, eit landsbymiljø mest. Vi reiste heim med fotballsupporterar frå Hamar, som hadde "tapt" mot Tromsø. Flygaren tok oss opp i 40000 fot, og da slokna dei, alle som ein.

Får du sjansen ein gong, skal du vere med på landsmøte. Du treff fargerike menneske frå heile landet, og du får eit løft og inspirasjon til å halde fram med målarbeidet. Vi tre frå Østfold "kosa oss", og vi takkar for at vi fekk vere der.

Eldbjørg Skaug

 

Magnes referat:

Landsmøtet i Noregs Mållag i 2005 blei arrangert i Tromsø i helga 15 - 17 april. Østfold-delegatar til årsmøtet var Eldbjørg Skaug som stilte for Indre Østfold Mållag og Øyvind Bremer Karlsen og meg sjølv som stilte for fylkeslaget. Før møtet hadde det vore ein del spenning fordi det hadde dukka opp stemmer i rørsla som sa at Østfold Mållag burde blitt slått saman med Vikværingen. Dette var sjølvsagt vi med vår Østfold-identitet imot, og det gledelege var at alle slike tankar om tvangssamanslåing av lag blei avvist av landsmøtet.

I tillegg fekk vi østfoldingar gjennom eit ønskje om å sette skoleturar til nynorsktalande strok på agendaen for å skape sidemålsmotivasjon. Ein klasse frå Frederik II i Fredrikstad har nyleg gjennomført ein slik tur til Vinje i Telemark..

Elles var det mye hyggeleg samrøre på landsmøtet, som var prega av at vi var i det høge nord på den måten at tilhøva for samisk blei sett på dagsorden av bl.a tidlegare sametingspresident Ole-Henrik Magga. Steinulf Tungesvik blei vald til ny leiar i Mållaget på søndagen, og sette i gang aksjonen for å gi nynorsk innpass i tabloidane Dagbladet og VG.

Magne Aasbrenn