Tilbake til nyheitssida

 Indre Østfold mållag arrangerte tur til Vamma kraftverk

På brua over fossen.

Søndag 22. mai arrangerte Indre Østfold mållag tur til Vamma Kraftverk sør for Askim. Vêret var vekslande, men vi fekk nokre glimt av sol. Gaidinga gjekk på deling mellom leiar Eldbjørg Skaug, Lisen Dahlstrøm og Marit Westerveld. Dei viste oss rundt på Hafslunds imponerande pengemaskin i Glomma (nesten spøkelsesaktig var det at vi ikkje såg ei einaste sjel som jobba på det store anlegget). Etter ein rundtur i kraftverkområdet, der vi også fekk sjå eit glimt av den legendariske Valdisholmen, kjørte vi ned og tok matpakka ved Nes lensemuseum. Dette er eit vakkert område ned mot smulare farvatn i Glomma, men vi fekk nok dessverre inntrykk av at sjølve museumsarbeidet låg brakk her. I tillegg måtte vi stri ein del med ei innpåsliten bikkje  - i og for seg ei grei avveksling frå mygg og tunefluer. Men Mållagsfolk i Østfold har vore ute for verre motstand, så vi hadde ein veldig hyggeleg tur for det.

Valdisholm i det fjerne.