Tilbake til nyheitssida

Her er vinnaren av stilkonkurransen: Nadina Lucavica

Nadina Ludavica vann stiltevlinga "Velkommen til Noreg"

Nadina Lucavica frå Sarpsborg vann 1. premie i stilkonkurransen som Østfold Mållag arrangerte i vår. Premien var på 2000,- kroner, og ho fekk han for stilen "Velkommen til Noreg". Nadina er elev ved St. Olav vidaregåande skole.
   St. Olav-elev Marianne Lundgaard, Frederik II-elev Sigurd Stette og Greåker-elev Henriette Lønn Jenssen fekk alle delt 2. plass i konkurransen.

Nadina Lucavica skriv om det å både kjenne seg bosnisk og norsk samtidig, og om korleis nordmenn på sett og vis blir blinde for verdiane og ulempene ved sitt eige samfunn. Familiesamhaldet i den bosniske kulturen blir sett opp imot norsk forbrukarlykke.

Marianne Lundgaard har skrive ein artig stil om emnet på freskt sarpe-mål.
   Sigurd Stettes stil er forma som ei novelle om Jan Blodøks Johansen og hans liv. Vi forstår snart at denne Jan Blodøks Johansen er symbol på på nordmannen – på Noreg, og på den rolla Noreg har hatt sidan oppløysinga av unionen med Sverige – og fram til ei tid da mange kan tenkje seg å gå inn i ein ny union.
   Henriette Lønn Jensen skriv om Østfolds rolle som ein del av fedrelandet og om målføret her: "Kva ville Noreg vore utan den herlege Østfolddialekten?
Det var 30 deltakarar i konkurransen.

I juryen for tevlinga sat lektor Ragnhild Lier, leiar i Norsk Målungdom Synnøve Midtbø Myking og forfattaren Øyvind Bremer Karlsen frå Askim.



Bilettekst: Vinnarane av stilkonkurransen: (F.v. Sigurd Stette, Synnøve Midbø Myking (repr. Norsk Målungdom), Nadina Lucavica og Henriette Lønn Jenssen)