Tilbake til nyheitssida

 Fredrikstad Mållag med hausttur i strålande vêr

På toppen av Hattefjellet

Søndag 18. september arrangerte Fredrikstad Mållag tur i den nordre delen av Fredrikstad-marka, på jakt etter kulturminne frå stenhoggarar og annan aktivitet der. Guide var Birgit Holme, som på kort tid steppa inn for Lars Aker. Ho gav oss ei levande innføring i alle menneskelege spor som framleis er å finne i det som folk flest vil kalle "skau". Vi så spor etter holvegar, gamle småbruk, og hovudstoppen tok vi på toppen av Hattefjellet, der steinane til den gamle bygdeborga frå folkevandringstida framleis ligg. Ein ille koselig tur i det som var reinaste sommarvêret!

MAa.

Forfedrane (og mødrene?) bar desse steinane opp til bygdeborga for nesten 2000 år sia! (begge foto: Arne Kverhnusvik)