Tilbake til nyheitssida

Meld deg på til smalahovefest i Fredrikstad i november!

Fredag den 11. november må de sette av til FEST! Fredrikstad mållag inviterer til eit spennande kulturmøte mellom aust og vest i november. Menyen blir smalahove med kålrabistappe og poteter, og har de ikkje prøvd dette før, så må de gripe sjansen! To av styremedlemmene er vossingar, og dei vil sørgje for at vi får førsteklasses smalahove og profesjonell tillaging. Vi vil òg få smakebitar frå "smalahovekulturen" på Voss. Litt "østfoldkultur" kan vi nok også rekne med. Prisen vil bli ca 250 kr. utan drikke, og vi reknar med at festen vil vera enten på FIF-huset eller Skyttarhuset i utkanten av Fredrikstad-marka. Festen er open for medlemmer, venner og kjente, og vi begynner klokka 19.00.

Påmelding til leiaren benthe.k.jansson@hiof.no innan fredag 30. september.