Tilbake til nyheitssida

Den første årboka til Østfold Mållag er nå i sal!

Det er ein stolt augneblink for Østfold Mållag når vi nå legg den nye årboka vår fram for sal. Det er blitt ei gild bok på 124 sider med eit innhald som femnar vidt og breitt - og lokalt. Ho har bilete i fargar og svart-kvitt. 18 forfattarar presenterer Østfold i sagalitteraturen, Østfold-ordtak på dialekt, artiklar om anglifisering og språkhistorie, nyskrivne noveller m.m.

Omslaget på boka er prega av den nye landevinninga for mållagsarbeidet i fylket vårt: ny-skiltet på Svinesund.

Dei 200 trykte eksemplara er alt i ferd med å bli utselde. Bestill på epostadressa berit.krogh@c2i.net, eller på telefon til 69881870.