Tilbake til nyheitssida

Årsmøtesesongen er unnagjort

Frå årsmøtet i Østfold Mållag, i Fredrikstad 14. februar 2006. Ved bordenden Laila-Brith Josefsen, som heldt innlegg om å prate østfoldsk i offentlege fora.

Alle de tre lokallaga i Østfold, og fylkeslaget, har nå gjort unna årsmøta for 2006. Sarpsborg var først ute 26. januar, og der vart Ragnhild Lier attvald som leiar. Attval blei det også på leiar Eldbjørg Skaug i Indre Østfold Mållag 12. februar.

Slik det har vore vanleg i det siste heldt Fredrikstad Mållag sitt årsmøte i framkant av fylkesårsmøtet i Bjørndalen i Fredrikstad. Her gjekk Benthe Kolberg Janssson også på med eit nytt år som leiar, og for å gjere kontinuiteten 100% held også Magne Aasbrenn fram som leiar for fylkeslaget. Sjølv om vi synest at årsmøteavgifta er heller stiv i år, ser det ut til at alle lokallag + fylkeslaget vil sende representant på årsmøtet til Noregs Mållag, og ein legg vekt på at det ikkje automatisk er leiaren som skal reise kvar gong.

Etter årsmøtet i Fredrikstad heldt Laila-Brith Josefsen eit godt innlegg om kva det vil seie å ha bakgrunn i østfoldsk dialekt når ein skal vere språkbrukar i offentlege fora, særleg i hovudstaden. Ho fortalde at det var godt å kunne seie at ho var medlem av mållaget når ho skulle halde innlegg i slike høve.

Vi takkar for mange gilde årsmøte!