Tilbake til nyheitssida

To haustarrangement i Fredrikstad Mållag

Fredrikstad Mållag arrangerer tur til Kystmuseet på Hvaler søndag 24. september. Viss vêret er godt, rastar vi ute og tar ein tur nedom Brottet. Omvisinga kostar 20 kroner. Vi møtes ved Kystmuseet på Spjærøy klokka 11.00. Vegen til museet er skilta - det er første veg til høgre etter brua mellom Vesterøy og Spjærøy. Ta med niste! Vel møtt!

Seinare på hausten, nærmare bestemt fredag 3. november, inviterer vi til sildebord og "østfoldprat". Vi slår pjaltane saman og tar med oss ein silderett og det vi vil drikke. Lokalet er det sama som da vi hadde den vellykka smalahovefesten i fjor: Traraveien 5. Vi håper at mange kan bidra med gode historier eller andre innslag som kan skape god stemning på festen! Meir informasjon om klokkeslett m.m. kjen seinare til dei som melder seg på. Med dykk på til leiaren Benthe Kolberg Jansson - benthe.k.jansson@hiof.no .