Tilbake til nyheitssida

Tur til Kystmuseet på Hvaler

Fredrikstad Mållag arrangerte tur til Kystmuseet på Hvaler søndag 24. september. Vi var heldige med vêret da tolv menneske samla seg på tunet på Spjærøy for omvising av den inspirerte gaiden Katrine Sandstrøm. Først viste ho oss rundt inne på Kystmuseet, og så fekk vi bli med ned for å sjå teaterarenaen "Brottet", sett opp på dugnad av lokale krefter. Matpakka inntok vi nede ved sundet, og alle deltakarane var einige om at Hvaler-kulturen er eit høveleg arbeidsområde for målrørsla i Fredrikstad.