"Østfoldmål": Studieheftet for vidaregåande skole er klart

I 1995 gav Østfold Mållag ut boka "Østfoldmål" av Einar Lundeby. Boka er ei innføring i typiske drag ved dialektane i Østfold og burde eigne seg godt til undervisninga i den vidaregåande skolen. To nye utgivingar på seinhausten skulle gjøre denne boka enda meir brukandes i skolestua. I tillegg til kassetten som kom for to veker sia og faktisk sel friskt, er nå også eit studiehefte for elevar klart.

Forfattar er Benthe Kolberg Jansson, som tidligare i år gav ut ei generell nynorsk-lærebok "På godt nynorsk" saman med Roger Lockertsen (utgivar: Samlaget).

Det nye studieheftet har oppgåver spesiallaga både for Grunnkurs, VKI og VKII. På Grunnkurset handlar det om målførekunnskap med utgangspunkt i eit utdrag frå boka "Østre Linje" av Atle Næss. VKI tar for seg reisene til Ivar Aasen, mens VKII i tillegg til meir målførekunnskap også gir idear til særemne med målføre-tilknyting.