Tilbake til nyheitssida

Østfoldmålprisen 2006 til Harald Zwart og Bjørn Fast Nagell

Prisvinnarane saman med nestleiar i Østfold Mållag,
Ragnhild Lier. Prisbiletet er laga av Fredrikstad-kunstnaren
Egil Torin Næsheim.

Mennene bak publikumssuksessen ”Lange, flate ballær” mottok Østfoldmålprisen 2006 på eit arrangement på Kafé Malenkij i Fredrikstad 14. oktober. Juryen ville heidre både regissør Bjørn Fast Nagell og produsent Harald Zwart for ein stor innsats for å auke prestisjen til østfoldmålet, det som tradisjonelt har vore ein lågstatusdialekt i Noreg.

   ”Lange flate ballær representerer humor av det gode slaget,” skreiv juryen, ”der ein ler MED folk og ikkje AV dei.” Vidare heiter det at filmen har gjort det lettare ”å preke Fredrikstaddialekt” alle stader i landet, inkludert Oslo.

  I juryen sit ein forfattar, to lektorar og ein representant for lokalpolitikken. Blant dei tidlegare mottakarane finn ein professor Einar Lundeby (som fleire-og-nitti år gammal deltok på utdelingsseremonien), forfattaren Øyvind Bremer Karlsen og rikskjendisane Kalle Øby og Vivi Haug.

Til liks med utdelinga av store prisar i Harald Zwarts andre omgjevnader, blei arrangementet smykka med musikalske innslag. To Greåker-gutar song Dum-Dum Boys og Imad og Asem Selaci frå Kosovo ”rappa” på norsk.