Tilbake til nyheitssida

Årbok nr. 2 frå Østfold Mållag er nå i sal!

Årboka til Østfold Mållag for 2006 er nå på veg frå trykkeriet. Også i år femnar innhaldet vidt og breitt - og lokalt. Her er glimt tilbake til farne tider, saman med stoff knytt til liv og verksemd i Østfold i dag.

Blant mye anna har boka ein artikkel av professor Lars S. Vikør som gir ei god oversikt over kjelder og ordtilfang frå Østfold til Norsk Ordbok. Årboka har òg ei ordliste som viser samanhengen mellom nynorsk og indre østfoldsk. Omslaget på boka er eit foto av redaktør Øyvind Bremer Karlsen som viser eit "kråketing" på Magnhildrud nær Askim sentrum. Medredaktør er Ragnhild Lier.

Opplaget på boka er 200 . Bestill på epostadressa berit.krogh@c2i.net, eller på telefon til 69881870.