 |
Vårtur i Inga sine fotspor
Søndag den 6.5.2007 arrangerte Indre Østfold mållag ei vandring der Inga
fra Varteig starta den lange turen mot Trondheim til fots. Ho stoppa
riktignok ei god stund da ho fødde kongesonen
Håkon der oppe på Folkenborg. Om
ho gjekk heile vegen, blei òg diskutert mens vi gjekk.
Det var eit særs hyggelig område. Vi
starta turen ved Varteig gamle rådhus,
ved Varteig kyrkje, og gjekk opp langs
Glomma.
På eit temmeleg vêrhardt jorde ved Os kyrkje i Rakkestad stoppa vi
og åt medbrakt mat. Det verka som om nærmaste gardsbikkje sjeldan hadde
opplevd makan.
Medlemmer frå dei ytre stroka av fylket vil få takke Indre for eit flott
initiativ!
|