Tilbake til nyheitssida

 

Vi har også nokre få eksemplar att
 av dei førre årbøkene våre:

Årbok nr. 3 frå Østfold Mållag er nå i sal!

«Ikke frisk. Meget Omsvæv for at faae Natteherberge, og omsider faaet Liggested i en Hølade.»

Slik skreiv Ivar Aasen i dagboka si søndag 4. september 1853, mens han samla ord i Østfold. Mannen og prosjektet hadde ikkje alltid medgang, men like fullt finst det eit Østfold Mållag 154 år etter.

Aust i Vika 2007 er den tredje årboka frå laget. Hovudartikkelen denne gongen handlar om den første
målrørsla i Fredrikstad, prenta etter eit etterlate manus frå Asbjørn Foss (1929 - 2002).

Elles femnar innhaldet om språk og kultur frå heile Østfold, både om Inga frå Varteig og om strabasiøst
hønsehald i Eidsberg. Til og med målfolkspor i Oslo blir kartlagt, og lesaren får au ein porsjon dagsaktuell
språkdebatt.Opplaget på boka er 200 . Boka kostar kr. 100,- Bestill på epostadressa raglie@greaker.vgs.no, eller på telefon til 90520335.

 

 

Aust i Vika 2005, kr. 100,- Aust i Vika 2006 kr. 100,-