Tilbake til nyheitssida

Årsmøtet i Østfold Mållag 2008

Møtet fann stad måndag 11. februar 2008 i Matstova i Sarpsborg, og vi var 12 personar til stades. Det kjendest godt å vere tilbake i Matstova, ein naturleg og sentral møtestad for Østfold Mållag!
   Det var òg hyggeleg med eit musikalsk underhaldningsinnslag før møtet starta. Sigurd Braathen (sjå biletet) spela langeleik til stor hugnad for deltakarane.

Etter at årsrekneskapen vart godkjend blei Magne Aasbrenn attvald som leiar. For 2 år vart Ragnhild Lier attvald til styret, og Edvard Mogstad blei ny styremedlem(også for 2 år). Styremedlemmer som ikkje var på val i år, er Klaus Kristiansen og Eldbjørg Skaug.

Det ser ut til at både Østfold Mållag og Fredrikstad Mållag kjem til å sende delegatar til årsmøtet i Noregs Mållag i Stavanger i april. I ei tid med debatt både rundt den regionale satsinga i mållaget og rettskrivinga, er det viktig at også østfoldingane er representerte.
   Samtidig med møtet blei det halde loddsal som gav ei god inntekt til lagskassa - som elles gjekk med eit overskot på 2314,- i 2007.
   Medlemmene takka kvarandre for eit hyggeleg møte, og særleg Sarpsborg Mållag for serveringa, før vi drog kvar til vårt i den snølause østfoldvinteren.