Tilbake til nyheitssida

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har også nokre få eksemplar att
 av dei førre årbøkene våre:

Årbok nr. 4 frå Østfold Mållag er nå i sal!

For fjerde året på rad har Østfold Mållags viljesterke redaktør- og skribentkorps komme i mål før jul med ei årbok. Aust i Vika 2008 kan by på både erfarne og nye forfattarar - blant dei eit par landskjende namn. Dei førre årbøkene har vore ei viktig inntektskjelde for oss, og nå er det igjen slik at ein kan skaffe seg og sine ein alternativ julepresang.

Aust i Vika 2008 har gløtt inn i ulike sider ved østfoldkulturen. Langt tilbake i tid minnest vi Inga kongsmor, sonedottera Kristina, og hennar giftarmål med ein spansk prins for 750 år sidan. Frå vår nære fortid har vi stoff om arbeidsliv og kvardagsliv i Østfold på 1940-50-talet.
Ein god del av boka dreiar seg om målbruk, målsyn og haldning til det lokale talemålet. Bertrand Jensen vart tidleg tend av målarbeidet til Aasen og andre. Vi synest det er fint å kunne kaste litt lys over innsatsen til denne Fredrikstad-mannen, som vel få i dag har høyrt om. Han var ihuga målmann i unge år, brukte opp formuen på «saka» - og drog til slutt for å bli sauegjetar på New Zealand!
Boka formidlar også korleis kjende språkforskarar i dag ser på østfoldmål og vikværsk, som østfoldmålet er ein del av. Professorane Ruth Vatvedt Fjeld og Rolf Theil vurderer talemålet her søraust i landet som fullt på høgd med andre variantar av norsk.
På forfattarlista i år står elles Frode Risbråthe, Kjellrun Hersund, Ragn-hild Løken, Øyvind Bremer Karlsen, Ragnhild Lier, Arild Løvestad. Eldbjørg Skaug, Reidun Synnøve Skaug, Magne Aasbrenn og Marit Øgar Aasbrenn.

Tinging: Ring/sms redaktør Ragnhild Lier, tel. 90520335, e-post: raglie@ostfoldfk.no. Prisen for boka er kr. 100,- + evt porto.

 

Aust i Vika 2005, kr. 100,- Aust i Vika 2006 kr. 100,- Aust i Vika 2007 kr. 100,-