Tilbake til nyheitssida

  Årsmøtet i Østfold Mållag 2009

Møtet fann stad tysdag 3. februar 2009 i Matstova i Sarpsborg, og vi var 15 personar til stades. Det kjendest godt å vere i Matstova, ein naturleg og sentral møtestad for Østfold Mållag!
   Etter at årsrekneskapen vart godkjend blei Magne Aasbrenn attvald som leiar. For 2 år vart Klaus Kristiansen og Eldbjørg Skaug attvalde til styret (for 2 år). Styremedlemmer som ikkje var på val i år, er Edvard Mogstad og Ragnhild Lier.

Det ser ut til at både Østfold Mållag og Fredrikstad Mållag kjem til å sende delegatar til årsmøtet i Noregs Mållag på Økern i Oslo i april. I ei tid med debatt både rundt den regionale satsinga i mållaget og rettskrivinga, er det viktig at også østfoldingane er representerte.
   Samtidig med møtet blei det halde loddsal som gav ei god inntekt som blei fordelt til lagskassene.
   Medlemmene takka kvarandre for eit hyggeleg møte, og særleg Sarpsborg Mållag for serveringa, før vi drog kvar til vårt i den snøtunge østfoldvinteren 2009.