Tilbake til nyheitssida

  Møte om nordnorsk fotball i Fredrikstad 17. mars

17. mars arrangerer Fotballmuseet avd. Fredrikstad kveldsmøte med fokus på nordnorsk fotballhistorie. FFK spelte mot Mjølner i den første nordnorske 1. divisjonskampen 30.4.72. Aktørane ser tilbake på den historiske kampen (som FFK vant 2-1) med trenar Arne Pedersen. Steinar Aas frå Universitetet i Tromsø kåserer over temaet ”Fotball som skapar av identitet og fellesskap”. Med i samtalen blir også FFKs og Østfold fotballkrets' Harry Hansen med oppvekst-bakgrunn i Troms. Billett kr.40 (barn/honnør kr.20) ved inngangen. Fotballmuseet avd. Fredrikstad, Fredrikstad Stadion, kl. 19.00.

Steinar Aas arbeider ved Historisk institutt på universitetet i Tromsø, og her det han skal snakke om med hans eigne ord:

 Fotball som skapar av identitet og fellesskap.

Vi skal ein tur inn i utaforlandet i fotball-Noreg, Nord-Noreg, men også inn i allmenne sider ved fotballen som identitetsmarkør. For Nord-norsk fotball var det ein draum som blei sann då lag frå landsdelen fekk møte Kvik Halden, Sarpsborg og FFK på 1960 og-70-talet. Den første eliteseriekampen i Narvik mellom Mjølner og FFK 30.april 1972 var ein merkedag for ein heil landsdel. Nord-Norsk fotball har ei brokete fortid, og fleire av dei ulike sidene ved denne blir belyst og mange av desse opplevingane er likevel universelle for fotballinteresserte og lett gjennkjenneleg både i Hammerfest og Halden.

Foredraget vil syne korfor fotball engasjerer så sterkt og korleis folk finn saman rundt fotballen i sterkt opplevde fellesskap uavhengig av kor vi bur, eller kanskje heller avhengig av kor vi bur og kva lag vi hører til. Foredraget vil også dvele ved spørsmålet om utvaskinga av den moderne fotballen si lokale og regionale forankring, og om utfordringa for norske fotball-lag i ein mediestyrt fotballkvardag og ein global spelarmarknad. Korleis dyrkar og utviklar moderne norske fotball-lag si regionale forankring?

Velkommen til møte! Frammøte ved inngangen til Fotballmuseet avd. Fredrikstad kl. 19.00

http://www.fotballmuseet.no/fredrikstad