Tilbake til nyheitssida

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har også nokre få eksemplar att
 av dei førre årbøkene våre:

Årbok nr. 5 frå Østfold Mållag er nå i sal!

Østfold Mållag er 20 år i 2009, og dette er  «jubileums-årboka». Boka fortel om dei siste ti åra av lagshistoria og har elles streif på kryss og tvers av fortid og nåtid. Direktør for Språkrådet Sylfest Lomheim skriv om landsnamna Norge/Noreg, og Ivar Utne tar for seg sjeldne fornamn som mest har vore i bruk i Østfold.
 
Lesaren får òg minnestoff om markerte østfoldingar med brennande interesse for språk, saman med glimt inn i skolar og barnehagar der ein prøver ein ny vri på
sidemålsundervisninga.

Politikk finn ein også her – og innsyn i arbeidet med nynorsk Wikipedia.

På forfattarlista i år står elles Kjellrun Hersund, Øyvind Bremer Karlsen, Ragnhild Lier, Eldbjørg Skaug, Benthe Kolberg Jansson, Kjetil Aasen, Edvard Mogstad, Randi Larsen, Arne Kvernhusvik, Magne Aasbrenn og Marit Øgar Aasbrenn.

Tinging: Ring/sms redaktør Magne Aasbrenn, tel. 97970065, e-post: magne.aasbrenn@gmail.com.

Prisen for papirutgåva av boka er kr. 130,- .

Prisen for utgåva på Kindle-lesebrett er kr. 56,-

Les her for detaljar om korleis du tingar boka til Kindle.

 

Aust i Vika 2005, kr. 100,- Aust i Vika 2006 kr. 100,- Aust i Vika 2007 kr. 100,- Aust i Vika 2008  100,-