Østfold Mållags 20-års-jubileum

Prisvinnar Aasbrenn og Aud Søyland, nestleiar i Noregs Mållag. (Foto: Arne Kvernhusvik)

Laurdag 17. oktober samlast medlemmer i Østfold Mållag for å feire at det i år er 20 år sidan Østfold Mållag vart skipa.
Rammene rundt festen var dei aller beste: Ein vakker haustkveld etter ein solrik dag i ei idyllisk hytte ved Isesjø der det spraka og brann på peisen, og der peisljosken og levande lys var einaste lyskjelda etter at sola gjekk ned.
God mat vanka: Lammefrikassé av eigen avl på Fjell gård, herlege kaker og høveleg drikke i glas og kopp.
Dei 18 som var til stades, prata, hygga seg og kosa seg med maten, avbrote av helsingar til jubilanten, Østfold Mållag. Det var helsing frå Indre Østfold Mållag v/leiaren, Eldbjørg Skaug; frå Sarpsborg Mållag v/leiar, Ragnhild Lier; frå Fredrikstad Mållag v/leiar Marit Aasbrenn og frå Noregs Mållag v/styremedlem Aud Søyland.
Leiaren i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn, heldt minneord over medlemmer i laget som har gått bort. Vidare gav han eit riss av arbeidet i laget gjennom åra, og peika på at det er lettare å bruke både dialekt og nynorsk i Østfold i dag enn det var for 20 år sidan.
Og fleire i festlyden følgde opp med taler og innlegg: Den fyrste leiaren i laget, Per Thorvald Larsen, skoda både attende og framover, og kom med tankevekkjande refleksjonar rundt arbeidet og livet i organisasjonen. Benthe Kolberg Jansson delte med seg tankar og røynsler om arbeid med skriftspråk og skriveopplæring. Ola Øgar Svendsen takka for maten og kom med minneglimt frå arbeidet for riksantikvaren. Elles var det fleire som kom med kortare innlegg, og slik spann vidare på trådar som var oppe i taler eller samtaler rundt bordet.
Eit høgdepunkt var utdelinga av Østfoldmålprisen 2009 til leiaren, Magne Aasbrenn, for den store innsatsen han har lagt ned for dialektbruk og nynorsk i Østfold gjennom mange, mange år. Prisen er eit bilete av østfoldkunstnaren Odd Skullerud. Å gje målprisen til Magne har vore på tale gjennom mange år, men det har ikkje vore lett å få det til, utan at hovudpersonen fekk nyss om det, og fekk avverga det. Men denne gongen greidde Fredrikstad Mållag å dra det heile i hamn. Alle er samde om at det er vanskeleg å finne ein meir verdig vinnar av Østfoldmålprisen enn Magne.
Kjellrun Hersund kåserte om kulturpersonlegdomen Kristian Strømshaug. Ho skisserte det breie engasjementet Kristian hadde for østfoldkulturen og kom med mange slåande eksempel på Kristians vurderingar og replikkunst.
Jubileumskvelden vart avrunda med at Wenche Mortensen, bl.a. kjend frå Korluren, framførde folkeviser frå Østfold. Ein lydhør skare lytta til dei vakre tonane og visene. Wenche hadde mykje interessant å fortelje om korleis visene og tonane hadde vorte skrivne ned, slik at ettertida kan ha glede av denne nokså ukjende østfoldske kulturskatten.
Tida går fort i gildt lag. Ved midnattstid måtte folk bryte opp og gje seg på heimveg. Mørkt var det, men stjernene lyste.
Ros til leiaren i Østfold Mållag og til jubileumskomitéen for ei triveleg feiring i ei fin ramme.
Ragnhild Lier