| Slik
gjennomfører du opplegget:
1.Bruk lenkene til høgre
for denne teksten.
2. Opne "Diagnostisk prøve 1a" (word-fil) og skriv ho ut på
papir.
3. Gjør oppgåvene så godt du kan, og det er lov å bruke ordbok!
4. Skriv ut "Fasit til diagnostisk prøve 1a"(word-fil) på
papir. Rett deg sjølv og skriv opp kor mange poeng du har (av 100
mulige).
5. Les i ein nynorsk grammatikk (t.d. "Mål og meining" av
Fredrik Rostrup) og studer spesielt dei områda der du har gjort feil.
6. Gjør "Repetisjonsoppgåver til minigrammatikk 1- 8" (under
"mapper" her) Kvart oppgåvesett er på 10 oppgåver. Du skal
halde på til du har greidd alt rett i ein og same omgang og fått
brøken 10/10 fram øvst på skjermen. Dersom du vil imponere læraren
din, skriv du inn initialane dine i eit av dei opne felta og skriv ut på
papir. (NB! Vel "Som vist på skjermen")
7. Når du har gjort alle oppgåvene 100% rett, kan du laste ned
"Diagnostisk prøve 1b"(word-fil), skrive ho ut på papir og
gjøre ho.
8. Skriv ut "Fasit til diagnostisk prøve 1b" (word-fil) og tel
poenga dine igjen. Skåra du kanskje 69 poeng på prøve 1a? Da er det å
håpe at du har skåra opp imot 90 nå.
9, PS! Dersom du jobbar med dette i ein klasse, blir alltid noen ferdig
fortare enn andre. Noen oppgåver om "idiotfeil" og
"ordbokdrill" ligg i den rosa firkanten nedst, og dei kan dei
snøggaste ta som dessert!
MAa 7.02.02 |
Hovudoppgåver
Diagnostisk
prøve 1a
Fasit
til diagnostisk prøve 1a
Repetisjonsoppgåver
til minigrammatikk 1 - Substantiv
Repetisjonsoppgåver
til minigrammatikk 2 - Adverb/Feilkategoriar
Repetisjonsoppgåver
til minigrammatikk 3 - Verb
Repetisjonsoppgåver
til minigrammatikk 4 - Pronomen
Repetisjonsoppgåver
til minigrammatikk 5, 6 7 - Adverb/Konjunksjonar/Preposisjonar/Genitiv
Repetisjonsoppgåver
til minigrammatikk 8 - Vanlege feil
Diagnostisk
prøve 1 B
Fasit
til diagnostisk prøve 1B
Tilbake
til MAas sider på Frederik IIs nettserver |