Landsmøtet i Noregs Mållag 1998 - siste nytt:

Før 15. mai må folk bruke tingingslista!

Programmet til landsmøtet blir no sendt ut til alle lokallaga i Noregs mållag. Det er svært viktig for arrangøren at dei som skal reise til Fredrikstad i sommar tingar billettar med tingingsskjemaet som er lagt ved lagssendinga. Du kan også få tingingsskjema frå Fredrikstad Mållag, tlf. 69 31 20 48. Der det er avgrensa deltakartal, gir vi ut billettar etter kvart som tingingane kjem inn til Borg Destinasjon. Frist for tinging er 15. mai. Vi kan ikkje garantere plassar til dei som tingar seinare, og fleire av billettane, m.a. til landsmøtemiddagen, vil bli dyrare.

Torsdag 23. juli:
Kl. 19.00 Tur med guide langs Oldtidsvegen. Sjå eit av Noregs beste funnområde for helleristningar og dei unike gravområda på Hunnfeltet. Rundtur med buss. Frammøtestad: Kongstenhallen. Billettpris: kr. 50,- Avgrensa deltakartal.
Kl. 19.00 Rundtur med guide i Gamlebyen. Sjå den gamle festningsbyen. Frammøtestad: Torget i Gamlebyen. Billettpris kr. 25,-. Barn til og med 15 år går gratis. Avgrensa deltakartal.
Kl. 21.00: Nattsete i Hotell Citys lokale "Kremmerstuen". Dans på dansegolvet til hotellet. Sal av mat og drikke. Alle skjenkjerettar. Gratis for alle!

Fredag 24. juli:
Kl. 19.00: Kulturkveld i Selskapslokalet "Phønix" ved Biblioteket på Vestsida. Konferansier Øyvind Bremer Karlsen presenterer ein variert meny med Østfold-innslag, innslag knytte til Anders Hovden og Jakob Sande og med mye song og musikk. Blant dei medverkande: Terje Refsnes, Arne Hesjadalen, Kari Hovden, Ragnhild Løken, Sven Lundestad og Birgit Gudim. Billettpris kr. 150,-. Gratis for barn t.o.m. 15 år..
Kl. 21.00: Nattsete i Selskapslokalet "Phønix" ved Biblioteket på Vestsida. Dansemusikk ved Hans P. Bøckmann. Sal av ertesuppe og drikke. Alle skjenkjerettar. Billettpris for nattsetet: kr. 30,-

Laurdag 25. juli:
Kl. 19.00: Landsmøtemiddag og nattsete i Bankettsalen, Hotell City, Vestsida. Meny: Honningglasert svin m. grønsaker. Dessert: Heimelaga karamellpudding. Kuvertpris vaksne: kr. 230,-. Ved tinging etter fristen: kr. 260,- Medlemmer av NMU: kr. 200,- Barnemeny (pizza- og pølsebuffet) kr. 85,- Fri tilgang til nattsetet som startar same stad ca klokka 21.30.

Søndag 26. juli:
Kl. 11.00 Nynorsk gudsteneste i Fredrikstad Domkyrkje v. domprost Per Hovland.

I samband med landsmøtet skipar Noregs Mållag til skrivekurs for barn i alderen 10-14 år. Kurset vert halde torsdag 23. juli, fredag 24. juli og laurdag 25. juli.

Det vert teke atterhald om endringar i programmet. Hald deg orientert om arrangementet via desse sidene på internett.