Landsmøtet i Noregs Mållag 1998 - siste nytt:

Mange førehandspåmeldingar til landsmøtet

Arrangøren Fredrikstad Mållag har vore litt bekymra for påmeldingane til landsmøtet. Etter det vi har hørt av tidlegare arrangørar har det vore vanskeleg å få mållagsfolk til å førehandstinge. Likevel satsa vi på førehandstinging fordi vi visste at det ville gjere livetr som arrangør mye lettare.

No er status gjord opp etter at den første fristen (med reduserte prisar) er ute. Og faktisk - det ser ut til at det uregjerlege målfolket har lystra denne gongen.

Her er nokre av tala så langt:

Om lag 200 delegatar har meldt seg på

Borg destinasjon har fått om lag 120 lister med tinging av overnatting, billettar til kulturarrangement osb.

70 har meldt seg på til omvising i Gamlebyen.

33 har meldt seg på til tur langs Oldtidsvegen.

108 har hittil meldt seg på til Kulturkvelden i Phønix.

90 har meldt seg på til nattsetet same stad.

133 har tinga billett til landsmøtemiddagen.

Det er også såpass med tingingar til t-skjorter og jakkeknappar at vi set dei i produksjon.

Barnekurset er det berre 3 påmelde til hittil, men vi håpar at m.a. ein annonse i Norsk Barneblad vil setje fart på sakene.