Landsmøtet i Noregs Mållag 1998 - siste nytt:

Vellykka landsmøte med eit lite økonomisk pluss

Ein dryg månad etter at landsmøtet i Fredrikstad blei avslutta, er tida inne for å gjere opp status. Så vidt arrangøren kan sjå, er det all grunn til å vere strålande fornøgd. Sjølve hovudmøtet gjekk føre seg utan opprivande strid i organisasjonen. og det var stor tilslutnad til dei ulike kulturarrangementa.

Høgdepunkt var Arne Hovdens vidtfemnande kulturkveldprogram fredag 24. juli og Korluren med folkesongar frå Østfold under landsmøtemiddagen.

Ei stor oppleving var det å sjå Fredrikstad kommune flagge frå bybrua tre heile dagar til ende for målrørsla, og å vere med på nynorsk gudsteneste i fredrikstad Domkirke søndag 26. 7. Eit ekstra poeng var det at Per Hovland, som stod for gudstenesta faktisk er fungerande biskop. Organist Guttorm Ihlebæks utval av salmar og melodiar gav òg ein spesiell dåm til dette arrangementet.

Nokre publikumstal: På kulturkvelden var det 160 tilskodarar, og ved landsmøtemiddagen var det så mange som 173 med i Bankettsalen på Hotell City.

Det økonomiske overskottet til arrangøren etter arrangementet ser ut til å bli ein stad mellom 2000 og 4000 kroner.

Dette er det siste innlegget i den spesielle "Landsmøtebolken" i Internettsidene til Østfold Mållag. Fredrikstad mållag vil gjerne få takke alle gode hjelparar og deltakarar for eit landsmøte vi seint vil gløyme.

Klikk her dersom du vil mimre meir om landsmøtet i Fredrikstad i 1998